Ved første augekast ser du ei jente som står og vinkar. Tar du en nærmare titt ser du at ho vinkar til ein person som står på brua. Personen vinkar tilbake. I venstre hjørne er det ei sol. Den sender solstrålar inn på stranda jenta står på.
Vi har tatt biletet i normalperspektiv for å fange ljoset best mogleg. Hovudmotivet er ikkje midtstilt, men plassert litt til venstre i biletet. Brua tar også mykje av fokuset. Den strekker seg på skrå gjennom biletet og gir det djupleik. Biletet er tatt halvnært for å få med alle elementa.
Vi har brukt kontrast som et virkemiddel i biletet. Det har vi gjort ved å sette den mørke brua på motsett side av sola. Det er også ein kontrast at den kvite personen står på den svarte brua, og den svarte personen står i det lyse solskinet.
Stemninga i biletet er fredfull og melankolsk. Du får også ei kjensle av at det framleis er håp når du ser på det. Ein kan ikkje vere sikker på om personen på brua er på vei bort eller om han kjem tilbake. Dette gjer at vi ikkje kan vere sikre på kva forholdet mellom dei er.
Det er brukt fleire symbol i biletet. Eit av dei er brua. Den kan vere eit teikn på ein overgang til noko nytt, eller å vende tilbake. Eit anna symbol er sola. Den symboliserer håp eller at det er lysare tider i vente.
Dette biletet viser at du alltid kan finne små gleder i livet sjølv om noko er trist.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSola skin sjølv når det er mørkt, er ein fin tittel på dette bilete. Eg likar stemninga i bilete, veldig rolig og fredfullt. Eg får ein fridom følelse av og sjå på dette bilete. Godt jobba!
SvarSlett