Eg veit faktisk ikkje kva min favorittfilm er. Det er så utruleg mange bra filmar å velje mellom! Og dessutan huskar eg ikkje alle filmane eg har sett heller. Men eg kan fortelje litt om kva for filmar eg tykjar er bra. Eg er ikkje ein veldig stor fan av action. Viss eg skal like ein actionfilm må hovudrolla vere VELDIG kjekk! Men eg liker derimot ”krimfilmar” kor det skal løyses sakar og gåter. Desse filmane er veldig spanande. Men mest av alt liker eg romantiske og morosame filmar. Typiske ”jentefilmar” kan ein vel kalle det. Med mange fine klede, kjekke menn og perfekte liv!
onsdag 23. november 2011
tirsdag 22. november 2011
Mine favorittfilmar
1: DEI FEM BESTE FILMANE EG HAR SETT (uansett kategori):
1. .... |
2. Titanic |
3. Harry Potter |
4. Twilight |
5. Love Actually |
6. Letters to juliet |
2. DEI FEM BESTE FILMSCENENE EG HAR SETT (uasett kategori):
1. Dansingen i Step up 3D |
2. Humoren i Love Actually |
3. Romantikken i Twilight |
4. Dansingen i Black Swan |
5. Kule ting i Harry Potter |
3. DEI FEM FILMANE MED DEN BESTE FILMMUSIKKEN:
1. Glee |
2. Mamma Mia |
3. Step up 3D |
4. Grease |
5. Twilight |
4. DEI FEM BESTE ANSLAGA NOKONSINNE (sjå side 115 i Spenn om du ikkje veit kva anslag er)
1. Eclipse |
2. Inseption |
3. The tourist |
4. Twilight |
5. Hodejegerne |
5. DEI FEM BESTE SLUTTSCENENE NOKONSINNE:
1. Black Swan |
2. Love Actually |
3. The tourist |
4. New Moon |
5. Stolthet og Fordom |
6. DEI FEM BESTE ACTIONHELTANE:
1. Harry Potter |
2. Legolas |
3. Aragorn |
4. Jack Sparrow |
5. John Smith i I am number four |
7. DEI FEM MEST ROMANTISKE PARA PÅ FILM NOKONSINNE:
1. Jack og Rose i Titanic |
2. Bella og Edward i Twilight |
3. Vaskehjelpen og Jamie Bennet i Love Actually |
4. Chuck og Blaire i Gossip Girl |
5. John og Savanna i Dear John |
8. DEI FEM BESTE SERIANE NOKONSINNE:
1. Gossip Girl |
2. Greys Anatomy |
3. One tree hill |
4. 90210 |
5. Glee |
torsdag 17. november 2011
Sola skin sjølv når det er mørkt
Ved første augekast ser du ei jente som står og vinkar. Tar du en nærmare titt ser du at ho vinkar til ein person som står på brua. Personen vinkar tilbake. I venstre hjørne er det ei sol. Den sender solstrålar inn på stranda jenta står på.
Vi har tatt biletet i normalperspektiv for å fange ljoset best mogleg. Hovudmotivet er ikkje midtstilt, men plassert litt til venstre i biletet. Brua tar også mykje av fokuset. Den strekker seg på skrå gjennom biletet og gir det djupleik. Biletet er tatt halvnært for å få med alle elementa.
Vi har brukt kontrast som et virkemiddel i biletet. Det har vi gjort ved å sette den mørke brua på motsett side av sola. Det er også ein kontrast at den kvite personen står på den svarte brua, og den svarte personen står i det lyse solskinet.
Stemninga i biletet er fredfull og melankolsk. Du får også ei kjensle av at det framleis er håp når du ser på det. Ein kan ikkje vere sikker på om personen på brua er på vei bort eller om han kjem tilbake. Dette gjer at vi ikkje kan vere sikre på kva forholdet mellom dei er.
Det er brukt fleire symbol i biletet. Eit av dei er brua. Den kan vere eit teikn på ein overgang til noko nytt, eller å vende tilbake. Eit anna symbol er sola. Den symboliserer håp eller at det er lysare tider i vente.
Dette biletet viser at du alltid kan finne små gleder i livet sjølv om noko er trist.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)